Lån boka
Om boka
Dette er ei forteljingsbok, ei faktabok og ei eventyrbok om ulven. Boka inneheld kapitla "Harde fakta", med sagn, eventyr og ordtak, forutan fleire fotografi og teikningar av dette dyret; her er mye spennande kunnskap å hente. Det første og siste kapitlet, kor vi høyrer om Ulvejenta og Ulveguten som er i ein dyrehage og får vite korleis dei blei fanga, er ei ramme om resten av innhaldet. Livet blant ulvane blir det fortalt om i andre kapittel. Ei lang og brukarvenleg liste viser til: Barnebøker og forteljingar, Eventyr i tillegg til dei som er brukt i boka, Faktabøker og oppslagsverk, Teikneseriar, Dyreparkar med ulv, Museum med utstoppa ulv, Film og Video, CD-ROM, Song viser og musikk. Første gang utgitt i 1997. Forfattaren mottok i 1998 skolebibliotekarforenings pris for beste barne- og ungdomsbok. Boka har nynorsk tekst. Frå ca. 9-12 år. Ib.,