Mange kjenner den vesle tigeren og den vesle bjørnen frå bøker og teiknefilmar på TV. Denne gongen er dei på sin første bytur. Trafikken er stor og skremmande. Det skrik frå bremsar og dei er på nippet til å bli overkøyrde. Nå tilbyr tigeren seg å lære bjørnen å te seg i trafikken. Men tigeren er ikkje stort klokare enn bjørnen, så det blir helst andre som må hjelpe dei til rette. Med store bokstavar lærer lesaren enkle trafikkreglar. Heile tida kan vi more oss over morosamme og underfundige illustrasjonar. Boka har ein ryddig og god lay-out.