Dette er ei novellesamling om at andre ikkje alltid har det betre. Det er ikkje alt vi ser. Her kan ein mellom anna lese om kvifor nokon lyg om kven dei er, kvifor nokon blir så blenda av andre at dei ikkje lenger ser seg sjølve, kvifor nokon vel døden framfor livet, om ein liten augneblink kan gje lys nok til å møte ein mørk kvardag eller om sorga som kjem når ein ikkje lenger har eit val. Noveller for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.