Det er sommar og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hjå Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, utan at mora seier det rett ut. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, sjølv om han ikkje har det. Han torde ikkje da han hadde sjansen. Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han. Dette er ein forteljing om ein gut som blir til ein ung mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Det handlar om å gripe dei sjansane livet gir ein, og om at brått ein dag er det ikkje fleire sjansar å gripe. Fortelling for ungdomstinnet.