Gjennom fleire hundre år har salta og tørka torsk vore ein delikatesse for mange, men først på 1700-talet tok ein til med klippfiskproduksjon i Noreg. Første del av denne boka er ein gjennomgang av klippfiskens kulturhistorie. Sjølv om vi kom seint i gang, er Noreg i dag verdas største klippfiskprodusent, og 80 % av eksporten går til Portugal. Den andre delen av boka inneheld oppskrifter med klippfisk og ei lita lærebok om sjølve matlaginga. Oppskriftene er henta frå Noreg, Portugal, Spania, Den dominikanske republikk og Brasil. Omtalen er utarbeidd av BS.