Aagot Noss har vore førstekonservator og leiar for drakt- og tekstilsamlinga ved Norsk Folkemuseum, og ho har skrive ei rekke vitskaplege artiklar om folkedrakter og draktsølv. I denne boka tek ho for seg kvinnekleda i den tradisjonelle folkedraktskikken i Vest-Telemark frå midten av 1600-talet fram til ca. 1920. Bunaden slik vi ser han i dag blei utvikla frå 1880-åra og bruken var avgrensa til fest- og høgtid. Boka er gjennomillustrert med fotografi. Notar, ordliste, kjelder, litteraturliste. Ill.,