Ei halspastillhistorie

Bildebok  •  6 – 12 år

Ei halspastillhistorie

Sissel Horndal

1998

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Vesle-Sivert og Store-Sivert bur åleine på ei øy langt ute i havet. Far er stor og sterk og veit alltid kor det er fisk å få, og han lærer Vesle-Sivertdet han treng å vite for å ferdast på havet. Ein dag blir Store-Sivert sjuk,og Vesle-Sivert må ro åleine til byen etter medisin som er halspastillar. Doktoren kan lite gjere, men heldigvis har Vesle-Sivert vener i havet som veit råd. Historia er både ei forteljing frå norsk kystkultur og ei fantastisk forteljing med klåre element frå eventyrverda. Forfattaren blandar ein slags enkel realisme og fantasi på ein spanande måte, og resultatet har blitt ei original debutbok. Språket er direkte, ho skriv i korte setningar og nyttar ei moderene, nynorsk språkform. Forfattaren har sjølv illustrert teksten med heilsides oppslag utførte i blandingsteknikk. Lys, sterke og klåre fargar, originale perspektiv og fokus på enkle detaljarer virkemiddel ho nyttar seg av. Illustrasjonene spelar på lag og utfyller teksten. Samlaget, 1998.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content