Eg er ikkje trøtt

Bildebok  •  3 – 8 år

Eg er ikkje trøtt

Sissel Horndal

2000

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Mørkeredsel - Barn
Silje har eige rom der ho kan kle seg ut som spøkelse og gjere hemmelege ting, men når kvelden kjem, blir alt så stilt og skummelt. Det er ikkje det at ho er redd, men er det ikkje noko som krafsar under senga? Med hjelp av bestemor og leik blir ho kvitt "nattdyra" under senga, og jammen må ho ikkje også hjelpe mor då det er nokon under hennar seng, ei lita mus! Den vesle kvardagshistoria er fortalt med varme og innsikt, og mange litt mørkredde barn vil kjenne seg att, føle med Silje og kanskje bli litt tryggare etter å ha lese denne boka. Dette er ei fin og vellykka bok ikkje minst på grunn av illustrasjonane som fylgjer og diktar til teksten på ein god måte. Med nærfokusering, enkle detaljar og kraftfullt biletspråk der lys, sterke og klare fargar og spesielt perspektivval er framtredande, blir svært mykje sagt i bileta. Samlaget, 2000.

Utgaver