Einar Aadland presenterer i denne samlinga essay om korleis ein blir ein truverdig leiar, og søker å finne svaret i ein verdibasert leiarfilosofi. Å vere ein god leiar handlar om å tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter, men og om å utvikle karaktereigenskapar og personleg dømmekraft. Aadland reflekterer i boka over ulike perspektiv på leiarskap, etikk og samtid.