Kari Marie Eiker, Kami blant venner, er med i ei aktivitetsgruppe som nattetid tek seg inn på pelsdyrfarmar, for å avsløre industrien. Kampen mot pelsdyroppdrett får stadig breiare støtte etter kvart som media viser bilete av dyr som lir. Like etter ein aksjon blir Kami kontakta av ein ukjend mann som følgjer godt med på alt ho gjer. For henne blir situasjonen etter kvart meir truande. Samtidig får ei jente frå ein av farmane anonyme meldingar der det står: Du har også blod på hendene! Dette er fjerde bok i krimserien om Kami og Bente som stadig hamnar i farlege situasjonar. Nynorsk tekst. Spenning for ungdomstrinnet.