Lån boka
Om boka
Dei tre forfattarane Dag Helleve, Ragnar Hovland og Per Olav Kaldestad har saman skrive ei ny særeigen reisebok. Dei tek lesaren med sydover i Europa, til Brussel og Luxembourg. Gjennom små noveller, dikt, samtalar dei tre forfattarane imellom og svart/kvitt fotografi fomidler dei tre sine inntrykk. Sjøl skildrar dei dei boka slik: "Ei reise innover og tilbake. Hermøtte Napoleon sin lagnad. Her møtte vi vår. På vår eigen indre marknad. På slagmarka der tonane frå Radiostasjonen gjekk sigrande ut. Stasjonen der vi steig på for aldri å vende tilbake." Tidlegare har forfattarane gitt ut country-reiseboka: "Langs kvar ein veg" og den musikalsk-litterære reisebokafrå Irland: "Vegen til Navan". Nyn.,