I «Det blinde lyset» møter vi store tenkjarar som beveger seg ut i farleg, ukjent terreng. Fritz Haber, Alexander Grothendieck, Werner Heisenberg, Erwin Schrödinger: Desse er blant dei lysande individa vi får innblikk i mens dei arbeider med eksistensens djupaste, mest grunnleggjande spørsmål. Dei får geniale innfall og idear, men driv også vekk vennar og elskarar, og isolerer seg sjølv i galskap. Nokre av oppdagingane deira gir verda revolusjonerande nyvinningar og leiar til grufull pinsle. Linjene mellom dei to er aldri heilt tydelege. Med stor fart og fascinerande detaljrikdom brukar Benjamín Labatut fiksjonens moglegheiter til å opne livet til vitskapsmennene og matematikarane som utvida forståinga vår av kva som er mogleg.