Tøddel Blisterplytt

Roman  •  6 – 15 år

Tøddel Blisterplytt : ei anna forteljing frå Bløygen

Rune Belsvik
Først utgitt:2005
Illustratør:
Inger Lise Belsvik

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

  • Bygdesamfunn
I den vesle bygda Bløygen bur det i alt tretten personar. Dei som bur der har det godt. Dei har ordførar, buss, tre butikkar, ein trøbbelkiosk, bensinstasjon, ein lyktestolpe, ein bussjåfør og ei avis. Men no held idyllen på å slå sprekker. Kommunestyret er bekymra fordi Keisemda held på å sette seg fast i Bløygen, og då kjem det ikkje lengre turistar til bygda. Sjølv det minste lille sukk sett seg fast, og bygda må finne på noko for å redde situasjonen. Ordføraren kallar inn heile kommunestyret til krisemøte. Den fyrste historia om folka i Bløygen var "Verdas mest forelska par" (2001). Roman for småskule-/ungdomstrinnet.

Utgaver