Tid er det nok av

Roman  •  Spillefilm  •  9 – 12 år

Tid er det nok av

Bente Bratlund

2002

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Depresjon
Mor til Margaret er kunstnar. Ho er full av idear og kreative påfunn, og venninnene til Margaret tykkjer ho er den beste mora i verda. Men ikkje alltid. Somme gonger er det som om ho forsvinn inn i si eiga verd. På slike dagar, når mora berre ligg i senga og græt, må pappa eller Margaret bli heime og passe på henne. Det er flaut tykkjer Margaret, og ingen må få vite om det. Forteljinga lar oss følgje familien gjennom hausten, fram mot jul, med førebuingar på godt og vondt. Margaret og faren tek omsyn, ordnar opp og freistar etter beste evne å innordne seg moras ustabile sinnelag, men i julehøgtida sprekk det heile og dei skjønar at mora treng hjelp utanfrå. Det er Margaret som fortel. Komposisjonen er stram, med korte kapittel som vekslar mellom ulike, utvalde situasjonar. Denne vekslinga gir både forteljinga god framdrift og innblikk i den uroa moras tilstand påfører dei som står rundt. Forteljinga er sår, men inneheld også håp og forsoning: Dei som er sjuke kan bli friske att, ein må berre ta tida til hjelp. Samlaget, 2002.

Utgaver