Me er på ein snobbete kostskule i Norfolk, England. Fleat House er eit av internatbygga. Charlie Cavendish, ein arrogant, bortskjemt og særdeles usympatisk gutt kjent for å mobba yngre elever, blir funnet død på rommet sitt. Det dreier seg om eit mord.
Den smellvakre etterforskaren Jazz blir sett på saken. Ho fortviler - samtlege av skulen sine elevar og tilsette kan vere mordaren. Men etterkvart samlar plottet seg, og me får eit lukka-rom-mysterium i god britisk ånd.
Her er dystre familiehemmeligheter, ulykkelege familiar og eit stort persongalleri. Språket er enkelt, glir lett og har godt driv. Fortellingen har høgt tempo gjennom replikkvekslinger og hyppige sceneskift. Det gode drivet får puslespelet til å gå opp heilt på tampen.