Historien om Kristin Lavransdatter er aktuell som aldri før, og parallelt verkar mellomalderen tiltrekkande på mange. I denne boka står nettopp forholdet mellom "Kristin Lavransdatter" og mellomalderen sentralt - dvs. mellom tekst og tid - på den måten at Sigrid Undsets bruk og integrering av mellomalderlege tekstsjangrar blir undersøkt. Det er særleg riddersagaen, balladen og den kristne legenden Undset har nytta i romanen. Med utgangspunkt i teoriar om intertekstualitet viser Solberg korleis kjennskap til desse tekstlåna åpnar verket og gir oss ei djupare forståing av historiaom Kristin. Ikkje minst gav mellomaldertekstane Undset ei kjelde til ironi og komikk, ei side ved romanen som ikkje har vore så mykje framme til no. Med bibliografi og personregister. Nyn.