I følgje forfattaren har ikkje Noreg lenger ein skole i den opphavlege meininga av ordet. I staden har vi fått ei samanblanding av kulturradikalisme, sosialdemokrati og såkalla ""progressiv pegagogikk". Resultata viser seg no i form av svake resultat blant elevane, dårleg læringsmiljø med mykje uro i klassane, mindre rekruttering til skolen og ein lærarstand som har mista mykje av motivasjonen. Den norske skolen er rett og slett inn i ei djup identitetskrise. Boka viser kvifor skolen har hamna i denne situasjonen, og boka vender seg til alle som uroar seg over utviklinga i den norske skolen. Jon Hustad (f. 1968) er lektor med undervisningserfaring frå grunnskolen. Dei siste åra har han markert seg som ein skarp samfunnsdebattant med evne til både å engasjere og å provosere. Har notar og litteraturliste.