Boktips av Tove Helen: «Skinnet bedrar» av Agnes Lovise Matre
Det er sommar ved Hardangerfjorden, og idyllen blir avbrutt av at seks år gamle Anders forsvinn.
Han bur saman med søstera si hos faren, etter at foreldra skilte lag. Vi vert kjent med heimen og forholda dei bur under, samt eit nabolag som det viser seg har både løyndomar og skuggesider. Vi blir også kjent med lensmann Bengt Alsaker, som må utsetje ferieveka si på grunn av det som har skjedd. Etterforskinga viser seg å ikkje bli heilt enkel.
Dette er den første boka om lensmann Bengt Alsaker.