I dag har hendingar ute i verden sett tilhøvet mellom religion og kultur på dagsordenen. I avisa kan vi lese om karikaturstrid, tvangsekteskap, kvinneleg omskjering, hijab, integrasjonsvanskar og demografiske skrekkvisjonar. Problematiske kulturelle, etiske og politiske nedslag av religion står stadig i fokus. Bokas redaktørar har alle ståstad i teologien og filosofien, og har invitert fagfellar frå ulike vitskapsgreiner til ein fleirfagleg samtale om temaet religion og kultur. Boka er beregna på studentar og fagkollegar.