Lån boka
Om boka
I andre boka om Gudrød, høvdingsonen, vert vi med han ut på tokt. Ingeleiv, kjærasten, har lova å vente på han. Men Ingeleiv fell i sjøen,og tanken på om ho lever, fylgjer den 13 år gamle ungdomen. Toktet gir mykje rikdom til Gudrød, faren og mannskapet, men gjer og at Gudrød møter Kvitekrist og kjent og ukjent slekt, og han kjenner dragning mot nye opplevingar og makt. Gudrød set seg opp mot faren som har funne eit høveleg gifte til han, men farmora, mor til Eirikssønene, rår til å vente. Denne boka er lettare å lese når ein har bakgrunn frå første boka, men språket er framleis vanskeleg med mange, lite kjente vendingar. Historiefakta er fletta inn i rammefortellinga, men skildringa av tidsbilete er enno noko uklar, medan utviklinga til Gudrød er truverdig skildra. Også faren kjem tydeleg fram i denne boka. Eit oversyn over ætter og personar i boka gjer det lettare å fylgje handlinga. Samlaget, 2000. 130 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).