12. februar 2003 vart erklært internasjonal dag for antikrigspoesi. Under namnet "Poetar for fred" mobiliserte norske poetar til diktopplesingar i åtte byar. Poetane trur ikkje at poesien kan redde verda, men den kan vere med på å spreie håp og skape debatt. Boka inneheld dikt av 50 norske forfattarar som presenterer ulike tankar om krig, frå eige ståstad og innfallsvinkel, og er ei vidareføring av arbeidet med "Poetar for fred".