Historiene om Stian og faren hans er morosame små kvardagssituasjonar der Stian må ordne opp når faren rotar det til. Denne gongen er Stian på sirkus med faren. Faren let seg rive med når dama med hestane inviterer publikum til å ri ståande på hestane. Sjølv om faren synes det var skummelt med trapeskunstnerane, stiller han opp på hesteryggen. Han klarer seg ganske bra, men så plutseleg blir han heist opp og sikkerhetslina han har på seg, sett seg fast oppunder taket. Handlinga er enkel og humoristisk, setningane korte med få ord på kvar linje og teksten er satt med versalar. Nynorsk tekst. Lettlesen for småskoletrinnet.