Dette er ei samling artiklar og kommentarar, litterære og språklige, historiske og biografiske - med spor frå det gamle Jøa til vår tids Duun-debatt. Mange har vore publisert i tidsskrift og årbøker; nokre er reviderte og lagt til rette for samling i bokform. Dei er alle frukter av ei livslang interesse for Olav Duun og opphavsmiljøet til diktaren. Med stoff frå artiklar i Norsk Tidend 1943, Dagbladet og Dag og Tid i seinare år gir dei eit spenn i tid på eit halvt hundre år. Med litteraturliste.