Forfattaren er programleiar for NRK-programmet "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" og har og skrive fleire bøker om folk som bur på slike stader. I denne boka handlar det om livet på avsidesliggjande gardar i Nordfjord. Historiene om menneska på desse stadene er dramatiske, utrulege og fascinerande og viser kreftene menneska har når det trengst. Boka er gjennomillustrert med fargefotografi.