"Når vi ser på dette biletet av Tarjei Vesaas, får vi lyst til å spørje: Kva lengta han etter? Kva for draumar hadde han? Lite veit vi om det. Men vi veit at han skreiv stor norsk litteratur. Ja, han var blant dei fremste i dette hundreåret. Han skreiv bøker så gode at mange meinte han skulle fått Nobelprisen. Han skreiv bøker som folk kjem til å ta fram frå bokhylla i det neste hundreåret og - fordi det er stor diktekunst". Dette er utgangspunktet for Rene Bjerke og Trygve Hagens dokumentarfilm om Tarjei Vesaas - mannen og diktaren. Dei byggjer på arkivopptak med forfattaren, intervju med andre forfattarar, med borna hans, med opptak frå dei to gardane i livet hans, Vesaas og Midtbø, og med klipp frå filmar etter bøkene hans.