I Oskar og eg møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar. Det er Ida som fortel historia, men den viltre og eigenrådige Oskar speler stadig hovudrolla i forteljingane hennar. Det handlar om lengten etter ein trampoline, om elvesafariar i vårsola og forsvunne vampyrar i haustmørket. Om hytter som er mindre enn ein hugsa, og cupcakes-kioskar som er finare enn forventa, om forandring og sakn, om melis og mold. Og om leik på lat og på ekte. Maria Parr har skrive ei fartsfylt og varm høgtlesingshistorie om det å vekse til og sjå livet i eit anna lys enn ein gjorde før. Oskar og eg er ein hyllest til kvardagen, til søskenforhold og til alle dei plassane vi er. Forteljing for småtrinnet.