Olava er 7 år, bestefar Ola er 70. Dei gjer fine ting saman, og bestefar lærer Olava å ro. Men så blir han sjuk, så sjuk som berre gamle blir, og dør. Det er vondt. Men det er fint for Olava å få vere med i gravferda. Historia fangar samspelet mellom barn og besteforeldre på ein jordnær måte, og formidlar opplevinga av sorg og avskjed gjennom synsvinkelen til barnet. Dette er ei historie om livet, døden og bestefar. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.