Nyn. Samlaget, 1995. 118 s., ill. ISBN 82-521-46402-3 Otto Hageberg har inngåande kjennskap til Olav Duuns diktning og er sam- stundes den som veit mest om doldisen Olav Duun - den av dei store norske forfattarane vi har minst biografisk kunnskap om. Denne streiflysboka inne- held spennande forteljingar med solid dokumentasjon av hittil ukjende sider ved Duuns liv og hans litterære posisjon. Her er om hans lærarår i Trøndelag, om venskap, om hans slit for å debutera, om hans stilling som guru i Norsk mellomkrigsdikting og kampen mellom forleggjarar, om hans internasjonale ry og kandidatur til Nobelprisen 13 gonger.