Denne boka er tenkt som ei ressursbok og ei bruksbok for dei som vil arbeidemed 1600-talstekstar frå dansk-norsk litteratur, og særleg med tekstar av Dorthe Engelbretsdatter og Petter Dass. Forfattaren vil vise at ein kan lesedesse tekatane i lys av europeisk kristeleg-retorisk tradisjon, som gav diktarane både innhald og former til diktinga, og ideal for og krav til ei slik retorisk prega diktning. Boka gir først ei innføring i denne tradisjonen, og viser deretter med døme korleis ein finn han att i tekstar. Boka vender seg særleg til lærarar og andre som skal undervise i diktinga på1600-talet. Med litteraturliste. Nyn.