Stian har fått ny lue. Den er så fin at alle vil prøve ho. Ho har stor skygge, og er fin til å halde sola ute og regnet borte. Men så er ulykka ute; lua blir våt. Når mamma stryk skyggen tørr, sit bokstavane frå avisa att på skyggen! Men, ho er framlies brukande, ho sit nesten enda betre enn før. Ei historie der tekst og bilete heng nøye saman, og der dei humoristiske illustrasjonane i enkel strek er viktige for å få fram historia. Ei fin bok.