Veslemonster og Storemonster er gode vener, men av og til er det ikkje så lett å vere liten. Nokon bankar på døra. Det er Storemonster! Huff, Storemonster skal alltid bestemme. Og så lyg han. Og så hermar han. Veslemonster veit ikkje kva han skal gjere. Mest av alt har han berre lyst å rope NEI! Ei bok om å vere stor sjølv om ein er liten. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.