Bjørn Hatterud og mora køyrer bil rundt Mjøsa. Dei er på veg til heimbygda nord for Brumunddal. Da han var ung ville han vekk. Han var annleis. Fødd med fleire funksjonshemmingar, homofil og mobba for overvekt. Han ville til den store byen. 21 år gammal flytta han. No har han budd halve livet i hovudstaden. På veg til heimstaden foldar historia hans seg ut. Det vekslar mellom fortid og nåtid. Minner frå bygda og tankar om å få det til i byen. Historia trenger seg ned gjennom laga med tid og liv, og skildrar den homofile bygdegutens ferd frå arbeidarkår til livet som kultuarbeidar i byen. Omtalen er utarbeidd av BS.