Malla har blitt så flink og stor at mormor let henne gå heilt aleine og handle. Men i butikken er det så mange store damer at ingen ser Malla. Da det blir hennar tur, hugsar ho ikkje lenger kva ho skulle handle. Potetsekken er så tung og vegen heim så lang - dumme mormor! Betre går det heldigvis neste gang, da skal ho berre handle wienerbrød til kaffen, eller var det krembollar ho skulle ha? Dette har blitt ei verkeleg søt historie om å bli stor og få ansvar, og så blir det likevel litt for mykje å halde styr på. Teksten er knapp, men særs utrykksfull, og teikningane grip fatt i det ein les mellom linjene. Illustrasjonane, som er utførte i blyantfargar, kommenterer og utfyller teksten og får fram dei heilt sentrale poenga i forteljinga med sikker hand. Dette har blitt ei heilstøpt biletbok om eit tema som heilt sikkert mange vil kjenne seg att i. Samlaget, 2000.