Lykkeland

Voksne

Lykkeland : minne frå slagerbøkene

Sissel Bjørgan

2000

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Popmusikk - Norge
Dagens førti- og femtiåringar tilhøyrer den store mimregenerasjonen. Med stor iver mimrar vi oss gjennom jubileum på jubileum, og i dette Lykkelandet finn ein eit kulturminne som er verdt å ta vare på: den norske slagerskatten. Denne boka handlar om norske artistar og norsk slagertradisjon frå om lag 1955 til 1970. Boka er ei personleg minnebok, bygd på eigne og andres slagerbøker. Der skreiv ein inn songane sjølv, eller limte inn dei som var tilgjengelege gjennom norske vekeblad. Bøkene var dekorerte med utklipp av slagerartistar, teikningar, bordar og andre høvelege illustrasjonar. "Lykkeland" er sjølvsagt illustrert med bilete av og utklipp om dei sentrale artistane, og fleire av slagertekstane står trykte i boka. Slik er det ei minnebok som kan brukast til å mimre og syngje med.

Utgaver