Når Lotte ikkje vert vald som solist til vårkonserten i Wien fell verda hennar i grus. Ho har via livet sitt til å bli ein suksessrik konsertpianist. I sorga reiser ho heim til Noreg for å søka råd hos Jakob, den gamle pianolæraren hennar. Men alt er ikkje som det ser ut som på overflata, og Lotte lurer på kvifor Jakob gav opp karrieren som konsertpianist då han var ung. Sunniva Relling Berg kjem frå Ålesund, og debuterte i 2011 med ungdomsromanen Utfor, som vart nominert til Brageprisen. Ho har seinare gitt ut fleire romanar for ungdom. Dette er hennar fyrste bok for vaksne. Til dagleg arbeider forfattaren som bibliotekar ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. Omtalen er utarbeidd av BS.