På 1700-talet auka lesekunnskapane raskt i det norske folket. Aviser og religiøse skrifter bidrog til å forme offentlegheita. Korleis har samspelet mellom litteratur og politikk utvikla seg opp igjennom moderne norsk historie? Og kva plass har litteraturen i den nasjonale historia vår? I denne boka viser Edvard Hoem korleis den tidlege haugianske rørsla la grunnlaget for framveksten av ei brei norsk offentlegheit. Hoem drøftar korleis norske skjønnlitterære forfattarar har medverka til den kulturelle og politiske sjølvforståinga vår og forsøker å svare på spørsmålet om kva litteraturens oppgåve kan vere i ein global kultursfære.