Finn Øglænd si 22. diktsamling er ei hyllest til det forgjengelege i livet, med dikt som skildrar dei vakre og håplause menneskelege vilkåra. Øglænd sin lyrikk har vorte beskriven som ein litterær sjølvmordsteknikk; diktet sparkar beina under sitt eige uttrykk, vil berre fortelje deg at poesi er umogleg. Leve evig som støvet er ein serie kvardagsskildringar om alderdom, kjærleik og lengsel, der Øglænd teiknar opp ein diktar som berre ynskjer å unndra seg å skrive noko som helst.