Leirfuglen

Roman  •  Historiske fortellinger  •  11 – 15 år

Leirfuglen

Berit Vatne Vik

1999

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Norge - Historie - 800-1050
Gudrød er hovdingson, født inn i vanskelege familieforhold rundt 950. Han bur på garden til morfar saman med mora medan faren som er kongsson, er i kamp. Boka startar med at Gudrød, ser sjøslaget der faren tek livet av morfaren. Inntrykket er sterkt og gjev Gudrød samvitsnag. Guten likar seg best på garden og vil som mora skapa med hendene, men som hovdingson er framtida staka opp, og eit anna liv enn treskjærar, ventar han. Dronningmora gjev han det råd at han sjølv må ta tak i livet sitt, særleg no når han har treft kjærasten, Ingeleiv. Boka er ikkje lett å lese. Ho har eit vanskeleg, gammelmodig språk med mange, lite kjende vendingar, og dei innfløkte familieforholda rundt guten har trengt eit slektskart. Boka, slik ho er komponert, skapar ei forventing om etterfølgjarer, mange handlingstrådar blir ikkje avslutta. Det historiske er godt fletta inn i rammeforteljinga om guten som blir sliten mellom ulike krav. Samlaget, 1999. 120 s. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content