Landslova av 1274

Voksne

Landslova av 1274 : rett, politikk og samfunn i norsk mellomalder

2023

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Norge - Historie - 1130-1349
  • Rettsvesen - Norge - Historie - Middelalderen
Kong Magnus Lagabøters landslov av 1274 er eit storverk i norsk og europeisk rettshistorie. Ho var den fyrste riksdekkjande lovboka i Noreg, og ei av fire riksdekkjande lovverk i europeisk mellomalder. Landslova var vidare ein del av eit omfattande lovgjevingsprosjekt som òg inkluderte Bylova av 1276, Hirdskrå frå 1270-talet og den islandske lovboka Jónsbók av 1281. Endå viktigare er at ho vart nytta, noko ein kan sjå av bevart rettspraksis frå både mellomalderen og 1500- og 1600-talet. Nesten ein firedel av alle bevarte manuskript på norrønt fram til 1350 inneheld Landslova. I denne boka vert difor Landslova, saman med Bylova og Sauebrevet for Færøyane, utforska. Mange av våre fremste mellomalderforskarar har valt seg ein regel som dei brukar som utgangspunkt for å utforska rett, politikk og samfunn. Samla vert det i boka teikna eit breitt og fargerikt bilete av norsk mellomalder.

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content