I den tredje boka i Edvard Hoems store familiekrønike følgjer vi dei to brørne Anton Edvard i Romsdal og Eilert i Donalda på Alberta-prærien. Dei prøver begge å bygge seg opp frå nesten ingenting, dei arbeider hardt, konkurrerer med og inspirerer kvarandre. Ute i verda rasar første verdskrig, titusenvis mister livet på vestfronten. Då krigen er over endrar konjunkturane seg, og det blir tydeleg at det fins ting i livet som sjølv ikkje hardt arbeidande menn er herre over. Den nye tida bringer med seg automobilar, telefonlinjer og ein musikk som påverkar både unge og gamle menneskesinn. Omtalen er utarbeidd av BS.