Boka tar for seg draktskikkar for kvinner i Tinn i Telemark frå andre halvdel av 1600-talet og frametter. Hovudvekta er lagt på tida etter 1800 og fram til ca. 1960. Det har vore fleire draktbytte. Det siste førde over til bruk av den samtidige ålmenne draktskikken og til dagens bunad. Tinn står drakthistoriski ei særstilling i Telemark. Draktskikken avspeglar at det har vore samkvem og samferdsel austover, først og fremst til Numedal. Boka er rikt illustrertfotografi og møsterteikningar forutan biletseriar som viser påkledningsmåtar. Fotografia er i både farger og svart/kvitt. Med notar, ordliste, kjelder og litteraturliste. Nyn.