Dei minste lesarane vert her inviterte til eit sjarmerande møte med den vesle frosken til Velthuijs og venene hans. I "Frosken og anda" møter vi ein lukkeleg liten frosk på vandring saman med anda. Han har ikkje noko problem med å få anda til å vere med på forslaga sine, og saman set dei den eine ideen etter den andre ut i livet. Heile dagen leiker dei to i lag, og om kvelden sovnar dei tett inntil kvarandre med lovnad om alltid å vere vener.