Nokon av dei vakraste dikta i Noregs litteraturhistorie har røtene sine i naturbilete. Naturen kan skildre og spegle sinnsstemningar, uttrykke det mollstemde og det sublime, det kjende og det framande. Blant poetane i denne samlinga finn vi mellom anna Henrik Wergeland, Hans Børli, Halldis Moren Vesaas og Aasmund Olavsson Vinje. Også nyare poetar er godt representert, mellom anna i namn som Hilde Myklebust, Øyvind Rimbereid, Anna Kleiva og Ruth Lillegraven. Utvalet er gjord av Julie Holdal Hansen og Eirik Vassenden. Omtalen er utarbeidd av BS.