Elsa har hjernesvulst, og ektemannen Janus opplever konas kamp i ei sjukdomsutvikling utan håp. Romanen handlar om kjærleik, fortviling, styrke og avmakt, og om å miste kontroll. Fordi svulsten bryt ned Elsas medvit, blir samtalane mellom dei redusert til få ord og rim. Omtalen er utarbeidd av BS.