Forfattaren drøftar i denne boka ulike meiningsskapande funksjonar historie kan ha. Han viser at førestellingar og forteljingar om fortida ikkje er nøytrale og ufarlege, men at det kan brukast på både godt og ondt som reiskap til auka sjølvmedvit og til sjåvinisme og undertrykkande ideologi. Boka avklarer dei viktigaste omgrepa og forståingsmodellane, og gir oversyn over teoretiske tilnærmingar til denne tematikken. Ola Stein Stugu er professor i historie ved NTNU. Omtalen er utarbeidd av BS.