Hermeneutikk dreier seg om tolking eller interpretasjon, om å avdekke ein underliggande samanheng eller ei djupare meining i handlingar, tekstar, kunstverk og liknande kulturuttrykk. Nils Gilje gjennomgår hermeneutisk tenking frå antikken til vår tid og drøftar korleis hermeneutikk opphavleg vart forstått, og korleis humanistar og samfunnsforskarar har bidratt til utviklinga av hermeneutiske tolkingsstrategiar. Han viser korleis Spinoza utvikla den moderne hermeneutiske intensjonalismen, og korleis denne metoden er blitt vidareført i tradisjonen frå Herder til Weber og Giddens. Omtalen er utarbeidd av BS.