Bildebok  •  6 – 12 år

Forteljinga om jakta på forteljinga

Bjørn Sortland

1995

Illustratør:
Lars Elling

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Kvar kveld les Henrik ei forteljing for onkel Brikt i badekaret. Ein kveld finn Henrik ei merkeleg bok; ho har berre ein tittel: "Forteljinga om jakta på forteljinga", ho har ikkje noko forfattarnamn. På veg til biblioteket forå finne ei ny bok, hender noko rart, han finn ei mystisk, grøn lue og no skjer det spennande ting. Henrik blir hovudpersonen i "Forteljinga om jakta på forteljinga", og i si jakt på forteljinga treffer han kjente forfattarar og personar frå verdslitteraturen. Boka er spennande i form og oppbygging, og tekst og bilete er særs godt samstemt. Forfattaren sin intensjon er å få lesaren til å forstå at utan forteljinga og det frie ord, blir livet grått og trist. Illustrasjonane er fargerike og dominerer oppslaga, dei er av høg kvalitet og utfordrar fantasien samtidig som dei på ein særs treffsikker måte gjengir kjente forfattarar. Bakerst i boka finn ein ein oversikt og omtale av dei forfattarane og personane som er omtala i forteljinga. ISBN 8252145388 Det handlar om

Utgaver

Kontakt

Færder kommune
Tønsberg kommune
Ansvarlig redaktør: Biblioteksjef Birgithe Schumann-Olsen
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagramBesøk oss på youtube
Bygget med Libry Content