Dette er bind 1 av 2 av verket "Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg". Bind 2 kom ut i 1996 og det første bindet er nokså forsinka i forhold til den då oppsette tidsplanen. Bind 1 er ein antologi med åtte fagartiklar skrivne av fagpersonar innan sine respektive fagområde. Artiklane handlar mellom anna om instrumentane, vokal folkemusikk, bygdedansane og hardingfele-slåttene. Boka er illustrert med fotografi, nokre i fargar.