Rap som vokaluttrykk har vorte allemannseige. Frå å ha vore eitt av fire element i den tidlege hiphop-undergrunnen, har rappen funne vegen til alle verdas krikar og krokar. Det vert rappa på all slags språk i alle slags kontekstar - frå marginale mikrosjangrar til den breiaste mainstream. Rap-lyrikken er den mest utbreidde forma for lyrikk i det 21. århundret. Det er ein munnleg lyrikk, kjenneteikna av ei særeiga framføringsform. I flowen speler den språklege og musikalske rytmen saman på intrikat vis. Rap-lyrikken er ein arena for samtidskommentar og sjølvhevding, men òg for refleksjon, fellesskap, språkleik og humor. Denne boka handlar om rap som estetisk uttrykk. Den tek for seg rytmar og melodiar, rim og punchlines, finurlege assosiasjonskjedar og ambisiøse konseptalbum. Les om Elling Borgersrud, Runar Gudnason, Lars Vaular, Linni, MC Einar, SuparDejen, Deichkind, Jaa9, Sivas, Geeza G, Vigsø, Kae Tempest, George Watsky og fleire.