Fjellet byr på sterk og intens naturkontakt, det gjev spenning og oppleving, og for mange er det ein fristad der fred og ro dominerer. I denne boka inviterer Norman Kjærvik lesaren til å bli med til toppane, breane, fjelldalane og dei gamle ferdavegane, frå Skålatårnet i Nordfjord, via Jostedalsbreen, Breheimen og deler av Jotunheimen, til Leirhøi like ved Glittertind. Kjærvik fortel om ein favorittur i kvart kapittel, med oversiktskart og mange fargefotografi. Turane går til toppar og tindar, dalar og stølar ? eller kort og godt til eit idyllisk fjellvatn fullt av feit fjellaure. Gjennom 11 rikt illustrerte kapittel viser forfattaren noko av mangfaldet i denne delen av landet vårt. Det er forfattaren sjølv som har tatt bileta i boka. Nynorsk tekst.